Ormekur
Ormekur er ein viktig del av det førebyggjande helsearbeidet for kjæledyr. Innvollsparasittar kan svekke dyret si helse og trivsel, og nokre kan òg smitte til menneske. Difor anbefaler vi regelmessig behandling for å sikre god dyrehelse og hindre vidare smitte.
Dersom du planlegg å reise til utlandet med hund eller katt, er det viktig å kjenne til regelverket for ormekur, då fleire land har eigne krav for innreise.
Kvifor er ormekur viktig?
Innvollsormar er vanlege hjå både katt og hund, og nokre typar kan gi alvorlege helseproblem. Parasittane kan føre til:
Diaré, oppkast eller fordøyingsproblem
Vekttap og dårleg pels
Nedsett allmenntilstand og slappheit
Oppblåst mage, særleg hjå valpar og kattungar
I alvorlege tilfelle: Blodmangel, svekka immunforsvar og tarmskadar
Smitte skjer oftast gjennom kontakt med infiserte dyr, avføring eller byttedyr, men nokre parasittar kan òg overførast via lopper eller frå mor til avkom.
Kor ofte og korleis gir ein kjæledyret ormekur?
Kor ofte dyret bør behandlast, avheng av alder, livsstil og risiko for smitte. Skal du reise utanlands med dyret ditt vil det også vere eigne krav om ormekur.
Hund:
Kvalpar – Kvar 2. til 4. veke fram til 3 månaders alder, deretter etter behov.
Vaksne hundar – Vanlegvis 1-2 gonger i året, avhengig av risiko.
Jakthundar og hundar som et rått kjøt eller byttedyr – Hyppigare behandling kan vere nødvendig.
Katt:
Kattungar – Kvar 2. til 4. veke fram til 3 månaders alder, deretter etter behov.
Utekattar – Vanlegvis 1-2 gongar i året, eller oftare dersom dei jaktar mykje.
Innekattar – Sjeldnare, men kan trenge ormekur ved smitte eller mistanke.
Ormekur finst i fleire former og vi hjelp deg med å finne den rette behandlinga basert på dyret sitt behov. Her kan kuren fåast i tablettform, pasta (godt alternativ for kvalpar og kattungar) eller spot-on-løysing som dryppast på hud. Nokre ormekurar er reseptfrie medan andre krev resept frå veterinær.
Reglar for ormekur ved utanlandsreise
Dersom du skal ta med hunden din til utlandet, er det viktig å undersøkje kva krav som gjeld for destinasjonslandet. Mange land, inkludert Sverige, har spesifikke reglar for behandling mot revens dvergbendelorm (Echinococcus multilocularis), ein parasitt som kan smitte til menneske og forårsake alvorleg sjukdom.
Reglar for innreise til Sverige med hund
Hundar som skal inn i Sverige frå Noreg treng ikkje ormekur før innreise, sidan begge land er rekna som frie for revens dvergbendelorm.
Dersom du derimot har vore i andre europeiske land før innreise til Sverige, kan det vere krav om ormekur avhengig av opphaldslandet.
Reglar for retur til Noreg frå Sverige og andre land
Noreg har strenge krav til ormekur ved innreise for å hindre at revens dvergbendelorm kjem inn i landet. Krava for hund er:
Ormekur må bli gitt 24–120 timar (1–5 døgn) før innreise til Noreg.
Behandlinga må vere utført av veterinær og registrert i hundepasset.
Alternativt kan du følgje 28-dagarsregelen, der hunden får behandling hos veterinær minst to gonger med maks 28 dagar mellom, og deretter blir behandla regelmessig kvar 28. dag medan du oppheld deg i utlandet.
Unntak: Kattar treng ikkje ormekur for å kome inn i Noreg.
Andre land sine krav til ormekur
Det er viktig å sjekke reglane for det aktuelle landet i god tid før reisa, då regelverket kan endre seg.
Oppdatert regelverk til alle land finn du på Mattilsynet sine nettsider.
