Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa forklarer korleis Ørsta Volda Dyreklinikk samlar inn og behandlar personopplysningar, kvifor vi gjer det, og kva rettar du har i samband med dette.
Personvern-
erklæring
Kven vi behandlar opplysningar om
Når vi driv veterinærverksemd, behandlar vi personopplysningar om:
-
kundar
-
kontaktpersonar hos leverandørar og samarbeidspartnarar
-
personar som søker jobb hos oss
Kvifor og korleis vi behandlar personopplysningar
Veterinærmedisinske oppgåver
For å kunne tilby tenester, treng vi informasjon som namn, kontaktopplysningar, informasjon om kjæledyret ditt og detaljar knytt til bestilling og behandling. Vi får opplysningane frå deg, og behandlar dei med grunnlag i avtalen vi har med deg som kunde.
Kundeforhold og administrasjon
Vi behandlar personopplysningar for å administrere kundeforholdet, inkludert fakturering og utsending av innkallingar. Dette er nødvendig for å kunne drive klinikken på ein forsvarleg måte.
Samarbeid og forretningsdrift
Ved kontakt med leverandørar og samarbeidspartnarar behandlar vi relevante kontaktopplysningar. Dette skjer på grunnlag av vår berettiga interesse i å halde eit profesjonelt samarbeid.
Kundekontakt og førespurnader
Ved kontakt med leverandørar og samarbeidspartnarar behandlar vi relevante kontaktopplysningar. Dette skjer på grunnlag av vår berettiga interesse i å halde eit profesjonelt samarbeid.
Rekruttering
Når du søker jobb hos oss, behandlar vi informasjon du sender i søknadsprosessen, som CV, attestar og referansar, for å vurdere om du er kvalifisert.
Økonomi og rekneskap
Vi behandlar òg personopplysningar i samband med rekneskapsplikt, i tråd med bokføringslova. Informasjonen kjem frå våre eigne eller innleigde IT- og økonomisystem.
Kven vi deler opplysningane med
Offentlege myndigheiter og register
Personopplysningar kan bli delte med Mattilsynet eller Politiet dersom lova krev det. Dersom du ønskjer det, kan vi registrere kjæledyret ditt hos DyreID.
Eksterne partar
Vi kan dele opplysningar med forsikringsselskap dersom dyret ditt er forsikra, og med eksterne laboratorium ved prøvetaking. Vi samarbeider òg med rådgivarar, IT-leverandørar og databehandlarar som er forplikta til å behandle data på ein trygg og lovleg måte.
Overføring av personopplysningar ut av EØS
Vi overfører ikkje personopplysningar til land utanfor EØS.
Lagring og sletting av personopplysningar
Kontaktinformasjon
Opplysningar om kontaktpersonar hos forretningsforbindelsar blir lagra så lenge det eksisterer eit aktivt samarbeid.
Rekruttering
Opplysningar frå rekrutteringsprosessar blir lagra i inntil tre år for å kunne handtere eventuelle klagar eller spørsmål.
Journalar
Journaldata om deg og kjæledyret ditt blir lagra i ti år, men kan lagrast i opptil tretti år for å sikre god medisinsk oppfølging. Du kan be oss slette opplysningane etter ti år.
Dine rettar etter personvernregelverket
Du har rett til:
-
å få informasjon om behandlinga
-
innsyn i kva som er lagra
-
å rette eller supplere opplysningar
-
å be om sletting eller avgrensing
-
å få opplysningar overført (dataportabilitet)
-
å protestere mot visse former for behandling, som marknadsføring
Nokre av rettane kan vere avgrensa av lovverket. Du kan klage til Datatilsynet, men vi oppmodar deg til å ta kontakt med oss først.
Bruk av informasjonskapslar (cookies)
Ved bruk av nettsidene våre samtykker du til at informasjonskapslar blir lagra i nettlesaren din. Desse brukar vi for å samle anonym statistikk og gjere nettsida betre. Vi anonymiserer IP-adressa di, og data frå Google Analytics og Google Ads blir lagra i inntil 56 månader. Du kan reservere deg her på google sine nettsider.
Endringar i erklæringa
Denne personvernerklæringa kan bli oppdatert ved behov.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt dersom du har spørsmål, kommentarar eller ønskjer å utøve rettane dine:
Ørsta Volda Dyreklinikk
Strandgata 2, 6150 Ørsta