Om klinikken
Med eit hjarte for dyr og ei sterk lokal forankring, ønskjer vi å gi både to- og firbeinte ei god oppleving – kvar gong dei kjem inn døra.
Vår historie
Ørsta Volda Dyreklinikk vart etablert i år 2000 av Siw Lødemel, og starta som eit lite veterinærkontor heime i kjellarenen i Åmdalen. Sidan den tid har det vore eit viktig tilbod for dyreeigarar på Søre Sunnmøre – og for mange som kjem langvegsfrå.
Klinikken starta i det små, men har med åra utvikla seg til ein moderne og velutstyrt klinikk med lett tilgjengelege lokale i Strandgata 2, Ørsta. I dag består teamet vårt av 11 faste tilsette – veterinær, dyrepleiar og klinikkassistentar – som saman tek imot alt frå enkle kontrollar til meir avanserte behandlingar.
Vi ønskjer å vere ein klinikk der folk kjenner seg velkomne, der dyra blir tekne godt vare på, og der eigar kan vere trygg på at kjæledyret får den beste hjelpa vi kan gi.

Våre verdiar
Vi bryr oss
Vi møter både dyr, eigarar og kvarandre med ekte omsorg og empati – kvar dag.
Fokus på kvalitet
Hjå oss skal du vere trygg på at dyret får grundig og fagleg god behandling.
Heilskapleg oppfølging
Vi bygg relasjonar og følgjer dyra gjennom alle livets fasar – frå dei er små og nysgjerrige til dei blir eldre og treng ekstra omsorg.
Tydeleg kommunikasjon
Vi snakkar ope, ærleg og med omtanke – både med kvarandre og med deg som dyreeigar.
Våre ansatte

Siw Røeggen Lødemel
Veterinær

Daria Ponomarenko
Veterinærstudent

Birgit Strøm Synnevåg
Dyrepleier

Sigrid Haram
Klinikkassistent

Ida Johanne Ørstavik
Klinikkassistent

Sandra Helen Krøvel Wiik
Klinikkassistent

Reidun Petrine H. Geitvik
Klinikkassistent

Siv Elisabeth Røed
Klinikkassistent

Sunniva Sjøholt
Klinikkassistent

Elisabeth Bratteberg
Klinikkassistent

Alet Rotevatn
Klinikkassistent