Reseptar
For nokre helseplager og sjukdommar treng kjæledyret ditt reseptpliktig medisin. Som veterinærklinikk sørgjer vi for at dyret får riktig behandling basert på diagnose og behov. Vi følgjer gjeldande regelverk for utskriving av reseptar og gir deg rettleiing om trygg og korrekt bruk av medisinar.
Hugs å bestill ny resept i god tid før du går tom. Reseptbelagt medisin må hentast apoteket.
Korleis bestille resept?
For å få resept på medisinar, må dyret ditt ha vore til undersøking hos oss. Veterinæren vurderer helsetilstanden og behovet for medisin.
Konsultasjon – Veterinæren undersøkjer dyret og vurderer om medisinering er nødvendig.
Utskriving av resept – Dersom det er behov for reseptpliktig medisin, skriv veterinæren ut resepten.
Henting av medisin – Du kan hente medisinen på dei fleste apotek.
Fornying av resept
Ved kroniske tilstandar eller langvarig behandling kan vi skrive ut reseptar for ein periode, men det er viktig med regelmessige veterinærkontrollar for å sikre at medisinen fungerer som den skal.
Har resepten tidlegare vore utskriven hos oss, kan du få fornying via telefon. Husk å bestille før du går tom for medisin, då vi ikkje kan garantere fornying på dagen.
Dersom symptoma kjem tilbake etter avslutta behandling, kan det vere behov for ein ny konsultasjon.
Regelverk og ansvar
Veterinærmedisinske legemiddel er underlagt strenge reglar for å sikre dyrevelferd og unngå resistensutvikling. Difor kan vi berre skrive ut resept til dyr vi har hatt til konsultasjon.
Reseptar er personlege for dyret og kan ikkje overførast til andre dyr
Nokre medisinar har avgrensa gyldigheit, så sjekk utløpsdatoen på resepten din
Følg alltid veterinæren sine instruksar for dosering og behandlingstid
