Undersøking
Ei regelmessig helseundersøking er avgjerande for å sikre at kjæledyret ditt er friskt og har det bra. Mange sjukdommar og helseproblem kan utvikle seg gradvis utan tydelege symptom, og ein rutinemessig sjekk hjelper oss med å oppdage teikn på sjukdom tidleg. Ved å oppdage helseproblem i ein tidleg fase kan vi gi rask behandling og dermed auke sjansen for eit godt resultat.
Kva skjer under ei undersøking?
Ei generell helseundersøking er ei omfattande vurdering av dyret sin helsetilstand. Under konsultasjonen vil veterinæren snakke med deg om dyret sin helse og åtferd, der vi kartlegg eventuelle endringar i appetitt, energinivå, vekttap eller andre symptom som kan vere relevante for helsetilstanden.
Vi sjekkar blant anna:
Vekt og kroppstilstand – Over- eller undervekt kan påverke helsa negativt
Hud og pels – Vi ser etter hudirritasjon, utslett, hårtap eller teikn på parasittar
Auge og øyre – Sjekk for infeksjonar, irritasjon, unormal tåreproduksjon eller øyreinflammasjon
Munnhole og tenner – Teikn på tannstein, betennelse eller infeksjonar blir vurderte, sidan tannhelse har stor påverknad på allmennhelsa
Hjarte og lungelydar – Vi lyttar etter unormale hjartelydar eller pustevanskar
Mage og indre organ – Vi kjenner på buken for å oppdage unormale forandringar
Ledd og musklar – Vi sjekkar for halthet, stivheit eller smerte som kan vere teikn på leddproblem
Når bør du bestille ei undersøking?
For hund og katt er det anbefalt med årlig helsekontroll. Dette får du inkludert hjå oss når du vaksinerer kjeledyret ditt, men om du merker at noko ikkje er som før, bør du bestille time dersom det er:
Endringar i appetitt eller drikkelyst
Plutseleg vekttap eller vektauke
Unormal trøyttheit eller redusert aktivitetsnivå
Endringar i pusten eller hoste
Oppkast eller diaré over fleire dagar
Kløe, utslett eller hårtap
Problemar med å gå, hoppe eller leike
Teikn på smerte eller ubehag
Vidare undersøking og behandling
Dersom vi oppdagar noko som krev vidare undersøking, kan vi anbefale:
Blodprøvar – For å sjekke organfunksjon, infeksjonar eller andre sjukdommar
Urinprøve – For å undersøke nyrehelse, urinvegsinfeksjonar eller diabetes
Røntgen – For å få bilete av skjelett, lunger eller indre organ
Ultralyd – For ein meir detaljert gjennomgang av organfunksjon
Spesialbehandling eller oppfølging – Etter behov

Førebygging er den beste medisinen
Regelmessige helsekontrollar er den beste måten å førebyggje alvorlege helseproblem. Sjølv om kjæledyret ditt verkar friskt, kan skjulte sjukdommar utvikle seg utan tydelege symptom. Ein helseundersøking kan gi deg tryggleik om at dyret ditt har det bra – eller sikre tidleg behandling dersom noko ikkje er som det skal.