top of page

Vaksine

Vaksinasjon er ein av dei viktigaste måtane å beskytte kjæledyret ditt mot alvorlege og smittsame sjukdommar. Mange av desse sjukdommane kan vere livstruande eller gi varige helseplagar. Ved å vaksinere dyret sikrar du ikkje berre helsa til din kjeledyret ditt, men bidreg også til å redusere spreiing av sjukdom i dyrepopulasjonen.

Kvifor er det viktig å vaksinere?

Vaksinar hjelper immunforsvaret med å bygge opp beskyttelse mot spesifikke virus og bakteriar. Uvaksinerte dyr har større risiko for alvorleg sjukdom og kan i nokre tilfelle òg smitte andre dyr eller menneske. Enkelte sjukdommar har ingen effektiv behandling, og vaksinering er derfor det beste vernet.

Kva sjukdommar beskyttar vi mot?

Dei vanlegaste vaksinane for katt og hund beskyttar mot følgjande sjukdommar:


Hund:

  • Valpesjuke – Ein alvorleg virusinfeksjon som kan føre til feber, pustevanskar, nevrologiske symptom og død.

  • Smittsam leverbetennelse (HCC) – Kan gi alvorleg leverskade og i verste fall død.

  • Parvovirus – Ei svært smittsam mage- og tarmsjukdom med oppkast, diaré og uttørking.

  • Kennelhoste – Ein smittsam luftvegsinfeksjon som kan gi langvarig hoste og redusert allmenntilstand.

  • Rabies (ved reise til utlandet) – Ein dødeleg sjukdom som smittar via bitt frå infiserte dyr.


Katt:

  • Kattepest (parvovirusinfeksjon) – Ei alvorleg sjukdom med høg dødelegheit som fører til oppkast, diaré og immunsvikt.

  • Katteinfluensa (calicivirus og herpesvirus) – Kan gi feber, snørr, augebetennelse og pustevanskar.

  • Clamydia – Ein bakterieinfeksjon som kan føre til alvorlege augelidingar.

  • Rabies (ved reise til utlandet) – Nødvendig for kjæledyr som skal reise ut av landet.

Når bør dyret vaksinerast?

Hund:

  • Første vaksine – Ved 6-8 veker

  • Oppfrisking – Ved 12 veker og 16 veker

  • Årleg revaksinasjon – Vidare etter anbefaling frå veterinær


Katt:

  • Fyrste vaksine – Ved 8-12 veker

  • Oppfrisking – 3-4 veker etter fyrste dose

  • Årleg revaksinasjon – Vidare etter behov


Vaksinasjonsprogrammet kan tilpassast avhengig av livsstil og risiko. For eksempel bør utekattar få jamleg beskyttelse mot smittsame sjukdommar, medan innekattar kan ha eit litt annleis vaksinasjonsprogram.

Bestill time for vaksinering

Regelmessig vaksinering er ein enkel og effektiv måte å halde kjæledyret ditt friskt. Ta kontakt for å bestille time, så hjelper vi deg med å sette opp eit vaksinasjonsprogram tilpassa ditt dyr.

bottom of page